Debatt

Merethe Furuberg, Sp.

Regional næringsutvikling blir bedre med Hedmark og Oppland

Merete Furuberg og Olav Røssum, Senterpartiet.

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

I saka om ei eventuell oppløysing av Innlandet fylkeskommune må ein nøye vurdere korleis ei oppløysing vil påverke vilkåra for ei god regional næringsutvikling. Som folkevalde i Innlandet fylkesting har vi gjort oss nokre erfaringar som vi meiner er viktige å ta med i ei slik vurdering. Vi er begge medlemmar av «utval for næring» i Innlandet fylkeskommune.

Fylkeskommunen har ei viktig rolle i forvaltning av offentleg støtte til næringslivet. Støtta er variert og formåla er ulike. Det gjeld tilskot til bedrifter, prosjekt, klynger, næringshagar, destinasjonsselskap, inkubatorar, med fleire. All slik støtte har til felles at den skal bidra til regional utvikling.

Næringslivet i Hedmark og Oppland er svært variert. I nokre område, som i Kongsvinger og på Raufoss, er det store industrimiljø som baserer seg på eksport. I andre område, som i Nord-Østerdal og i Valdres er det overvekt av bedrifter som er basert på primærproduksjon i jord- og skogbruk. Felles for heile området er det ei overvekt av bedrifter som kan kallast «små og mellomstore».

Ein god næringspolitikk krev at utforming og praktisering av støtte til ulike formål bygger på god kunnskap om den enkelte bedrift, og lokalsamfunnet den er ein del av. Som folkevalde i Innlandet har vi erfart at det er krevjande å skaffe oss denne kunnskapen. Alle saker er godt utgreidde når dei kjem til politisk behandling. Men med 46 kommunar, mange fleire lokalsamfunn og enda fleire bedrifter, sit vi likevel med ei uro for at vi kunne gjort betre vedtak, om vi hadde visst meir.

Etter vel to år i våre roller, er det enkelte område og bransjer vi har fått meir kunnskap om enn andre. Det skuldast dels at det er desse som vi har hatt flest saker om, og dels at desse får merksemd gjennom media og på andre måtar. Dette er område som for ein stor del ligg i sentrale område, ofte sør i Hedmark og Oppland. Og det er bransjer med mange tilsette. Når det gjeld andre område og andre bransjer, er det vår erfaring at vi får færre saker til behandling og at vi ikkje når fram med gode nok tiltak.

Olav Røssum, Sp.

Det er naturleg at mange saker vil måtte gjelde område med stor befolkning og bedrifter med mange tilsette. Men som regional utviklingsaktør må fylkeskommunen ha like stort fokus på å legge til rette for utvikling av næringsliv i dei delane der folketal og sysselsetjing ikkje har ei god utvikling. Fleire distriktskommunar med stort innslag av primærproduksjon har det slik. Og det er i desse kommunane vi ofte finn det beste ressursgrunnlaget for å kunne møte klimautfordringane, med eit grønt skifte.

Det er viktig å føre ein næringspolitikk som tek omsyn til lokale variasjonar, og at ein kan «skreddarsy» løysingar som er tilpassa ulike behov i den enkelte bedrift, og i den enkelte region. Om ein skal få til det må både administrasjonen og dei folkevalde i den offentlege forvaltninga ha god lokalkunnskap.

Vi meiner at ei oppløysing av Innlandet, slik at Oppland og Hedmark fylke blir oppretta på nytt, vil gi grunnlag for ein betre effekt av fylkeskommunal støtte til næringsutvikling, enn den vi har i dag. Fyrst og fremst fordi vi da vil få mindre geografiske forvaltningsområde, med betre vilkår for god dialog mellom lokalsamfunn, folkevalde og administrasjon. Det vil på ein betre måte bidra til ei god regional utvikling i alle bygder og i alle byar, i Hedmark og Oppland.

Powered by Labrador CMS