Debatt

Kongsvinger kan blir storkommune hvis Høyre og NHO får viljen sin, hevder innsenderen.

Nei til høyresidens sentraliseringsreform

Høyre har støtte i NHO for å slå sammen mange flere kommuner, for eksempel gjøre én kommune av hele Kongsvinger-regionen, hevder innsenderen.

Aud Hove (Sp), gruppeleder og fylkesvaraordfører, Innlandet fylke

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Evt info om debattanten

Det er ein del av overskrifta på Buskerud Arbeidarparti sitt vedtak den 11. januar 2022 om oppløysing av Viken. Den same overskrifta kan vi i Senterpartiet bruke om Innlandet. Som dei skriv vidare i vedtaket sitt vil det valet vi skal gjere nå ha store konsekvensar for både forvaltning, tenesteproduksjon, demokrati, organisasjonsliv og økonomi for våre innbyggarar i lang tid framover.

Det var ikkje berre Høgre som ivra for ein region- og sentraliseringsreform saman med sine regjeringspartnarar, men også NHO argumenterte hardt for dette. NHO argumenterte samtidig for å slå saman mange kommunar i Hedmark og Oppland. Til dømes skulle Nord-Gudbrandsdalen saman med Nord-Fron bli ei kommune, resten av Gudbrandsdalen saman med Lillehammer-regionen til ei. Heile Kongsvinger-regionen ei kommune og i Nord-Østerdalen skulle nye Tynset kommune bestå av Folldal, Tynset, Tolga, Alvdal og Rendalen, men samtidig gje bort Os til Trøndelag.

Dersom vi vidarefører Innlandet og sentraliseringsreforma til Høgre er det stor sjanse for at ei eventuell ny Høgre-regjering kjem til å gjennomføre desse kommunesamanslåingane i Hedmark og Oppland. Da kan det fort bli 8 kommunar og Gran kan bli overført til våra naboar i sør. Erna Solberg sa før valkampen, ærleg som ho er, at kommunereforma ikkje er over.

Når vi også veit at reformar dessverre endar opp med å handle om strukturar i større grad enn innhald og forbetringar på tenester, treng ein ikkje vere rakettforskar for å skjøne kva retning det vil gå. Min påstand er at både NHO og Høgre har som felles mål å legge til rette for mest mogleg privatisering gjennom å slå saman fylker og kommunar. Da er det kanskje greitt å bli kvitt flest mogleg lokalpolitikarar med lokalkunnskap og lokal forankring som kan stikker kjepper i hjula.

Etter 8 år med fokus på sentralisering og privatisering, har vi nå fått ei regjering som er tydelege på ta attende meir politisk styring, lytte til folk og flytte fokuset til desentralisering og utvikling av heile landet. Dei har opna for at tvangssamanslåtte fylkeskommunar kan søkje om å løyse opp att og dei vil styrke fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar i samarbeid med kommunane. Organisering av statsforvaltaren skal også evaluerast opp mot ny fylkesstruktur.

Store avstandar til dei som styrer, både politisk og administrativt, kan føre til resignasjon og etter kvart mindre tillit. Oppløysingsdebattar går nå for fullt i heile landet. Det hadde det ikkje gjort om regionreforma var ein god ide, hadde hatt forankring hjå folket og hadde overbevist folk om at dette vil føre til ei god samfunnsutvikling. Det ligg an til oppløysing både av Viken og Vestfold og Telemark, i tillegg til Finnmark og Troms.

Det hjelper ikkje med fyndord, planer, visjonar og strategiar om vi ikkje har politisk kapital og kraft til å ta initiativ, forankre, fylgje opp, gjennomføre og samarbeide tett med kommunar og næringsliv lokalt. Alternativet blir fort byråkratistyre og rådmannsvelde.

Vil si som Martin Kolberg (AP) – Krafta i politikken ligg i lokal forankring, gjensidig forståing og ei retning på samfunnsutviklinga som sikrar demokratiet og folkestyret. Eller som Trygve Slagsvold Vedum (SP) seier: I store system blir menneske små.

Powered by Labrador CMS