Debatt

Fylkesordfører Aud Hove (Sp).

Når 1 pluss 1 blir 1

Aud Hove (Sp), gruppeleder og fylkesvaraordfører

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

Solberg-regjeringa køyrde i gang kommune- og regionreforma for 8 år sidan. Grunngjevingane var vage og endra seg gjennom prosessen. For fylkeskommunane heitte det at det skulle vere ein demokratireform som skulle gjere fylkeskommunane robuste og gje dei fleire og større oppgåver, men det blei endra til ein effektiviseringsreform med kutt i overføringar og tvangssamanslåingar.

I debatten om å løyse opp at til Hedmark og Oppland blir det hevda at det blir så mykje meir pengar til vidaregåande skule, tannhelse, fylkesvegar, næringsutvikling og kultur om vi fortsett der Solberg-regjeringa slapp. Å få fleire og større oppgåver vart både støtta og skapte forventningar, men viste seg å vere ein bløff. Men med eit nytt Storting og ny regjering kan det likevel opne seg moglegheiter for at nye oppgåver kan bli overført.

Utfordringa er jo ikkje at vi brukar for mykje pengar på tenestane til innbyggarane i Hedmark og Oppland. Utfordringa er at det i desse 8 åra med blå-blå politikk har vore kutta på dei økonomiske rammene og inntektssystemet har gjort at fylket har tapt pengar for kvar dag som har gått.

Fylkeskommunedirektøren har stadfesta at dei fåe oppgåvene fylkeskommunen fekk var sterkt underfinansiert. Dei fører til større arbeidspress på dei tilsette og dårlegare økonomi.

Regionreform og nytt inntektssystem for fylkeskommunane frå 2020 gav ein omfordelingseffekt som gjorde at Innlandet fylkeskommune tapar om lag 25 millionar kroner kvart år. Dagens regjering vil sjå på inntektssystemet på nytt.

Utviklingsmiddel til næringsutvikling vart kutta sterkt og meir øyremerka av den blå-blå-regjeringa. Spesielt distriktsmidla, dei såkalla frie midla, vart radert bort. I Hedmark vart 62 millionar kroner i 2010 til 6,1 millionar i 2019. I Oppland vart 62 millionar kroner i 2010 62 til 3,9 millionar i 2019. Dette er eit kutt på 114 millionar kroner kvart år i Innlandet.

I debatten om oppløysing blir det også hevda at det vil bli så mykje rimelegare å ha ein administrasjon og eitt sett med politikarar enn to. Det vil seie at 1 pluss 1 er 1. Kan dette stemme? Fakta er at 1 pluss 1 ofte kan bli både 2 og 3. Ein dobbelt så stor organisasjon med dobbelt så stort geografisk område, blir ikkje automatisk dobbelt så effektiv. Tvert imot viser erfaring frå kommunesamanslåingar og regionreformar i andre land at byråkratiet aukar, den politiske representasjonen minkar og det fører til sentralisering.

Regionreforma er framleis ein dårleg ide. For oss i SP handlar dette om ei samfunnsutvikling vi ikkje ynskjer. Vi har fått ei ny raud-grøn-regjering som vil å satse på demokrati, tenester nær folk og som vil lytte til vanlege folk. Det skal vere tre folkevalde nivå og tvangssamanslåtte fylkeskommunar skal kunne løysast opp att. Dei er tydelege på at dei skal gå gjennom og styrke verkemiddelapparatet og fylkeskommunen si rolle i distrikts- og regionalpolitikken. Dei vil føre ein politikk for utvikling og ikkje avvikling.

Powered by Labrador CMS